Roset PanoramaRoset Panorama
Utleigehytter i Fjordnorge

Norsk English Deutch

Norge

Aktivitetar

Roset Panorama - Eit eldorado for aktivitet!



I området rundt hyttene er det flotte forhold for variert aktivitet. Nedanfor finn eit utvalg aktivitetar du finn kort avstand frå Roset Panorama.


Fjelltur

Fjellturar


Området rundt hyttene har mange fine og populære turmål. Fjelltoppar som Bergsetnakkjen (1133 m.o.h.), Glittereggja (1297 m.o.h) og Blåeggja (1049 m.o.h) er nydelege turmål med panoramautsikt over Nordfjord. Området har og mange setrar som er lette turmål for familiar. Det finst mange merka løyper som er teikna inn på kart. Dette kartet vil liggje i alle våre hytter til bruk for våre gjester. Sjå fleire bilder her.



Kano

Kanotur


Kort gåavstand frå hyttene ligg Ulvedalsdemmene. Dette er eit vatn som er godt egna for fisking og kanoturar. Her ligg ein kano som kan leigast for 50 kr for våre gjester. Sjå fleire bilder her.






Fisking

Fisking


Det er fine fiskemoglegheiter i nærområdet. Nordfjorden byr på sjøfiske. Ulvedalsdemmene er fint til fiske av småørret enten frå kano eller land. Det er også fine fjellvatn for fiske, som er godt egna kombinert med teltur. Sjå fleire bilder her.





Klatring

Klatring

Stryn er eit fint område for klatrarar. Mest kjente klatrefelt er Beachen som ligg ca. 25 min frå hyttene.








Badeliv

Badeliv


I området rundt hyttene er det fine mogleheiter for bading. Du kan enten bade i Nordfjorden, eller i eit av dei mange fjellvatna, kombinert med ein fjelltur i turterrenget ovanfor hyttene. Dersom du likar betre å bade innandørs, finn du fine bademogleheiter i Stryn Symjehall. Sjå fleire bilder her.




Via Ferrata Loen 2

Via Ferrata Loen og Loen Skylift


25 km frå hyttene er det mogleg å gå Via Ferrata (jernsti på norsk). Denne tek deg opp til Hoven. Der er kafe med moglegheit for å kjøpe seg kaffi eller middag, alt etter høve. Utstyr kan ein leige hjå Loen Active. For dei som ikkje ynskjer å svette seg ut kan ein ta gondolbana opp til kafeen. Link til Loen Skylift.



Fjelltur

Støylstur


I tilknyting til garden har vi vår eigen støyl. Her var det støylsdrift for 50 år sidan. Støylshuset er ca. 130 år gammalt. Dette står ope for våre gjester som er i fjellet og vil ta seg ein kvil innandørs. Sjå fleire bilder her.






Fjelltur

Vinteraktivitetar


Nærområdet rundt hyttene er eit eldorado for vinteraktivitet. Her er svært gode skimogleheiter med skiløyper heilt til hyttedøra. Her er også fine akebakkar og som regel skøyteis på Ulvedalsdemmene. Det er også flotte skianlegg i området som de finn linkar til lenger nede på sida. Sjå fleire bilder her.







Kunst og kultur i nærområdet:



Kvernhus

Kulturløypa på Ulvedal


Gåavstand frå hyttene finn du Kulturløypa på Ulvedal. Denne tek deg med gjennom fin natur til mange interessante attraksjonar. Rundløype på ca 2,5 km som går gjennom lett skogsterreng med moderat stigning. Her er ein innom mange av dei kulturhistoriske attraksjonane på Ulvedal. På sommarstid kan ein guide ta med grupper og fortelje om historiene som ligg bak attraksjonane. Les meir her.


Gadden

Ad Fontes


På Fjelli, 5 km lenger sørvest langs Panoramavegen ligg kunstgalleriet Ad Fontes. Her finn du vakre oljemåleri, akvarell og illustrasjonar m.m. Mange av motiva er henta frå naturen i nærområdet. Les meir og sjå fleire bileter på AdFontes si heimeside.




Åsekråna

Åsekråna


På Fjelli ligg også kunstgalleriet Åsekråna. Vakre oljemåleri på oval takskifer, og på skiferflisar i ulike fasongar og storleikar. I sommarhalvåret frå ca 20.juni, er måleria utstilte i det 100 år gamle eldhuset på garden. Der kan du og nyte ein kopp espresso eller te ved eldhusgryta, og kjøpe med deg te eller nybrent kaffi av ulike slag. Det er også mogleg å få måle på si eiga takhelle! Les meir og sjå fleire bileter på Åsekråna si heimeside..







Skianlegg i nærområdet:


Nordfjord Fritidssenter


Nordfjord Fritidssenter er det nærmaste anlegget og tilbyr eit stort løypenett for langrenn, tautrekk for alpint, og hoppbakkar frå K5 til K90. 3 km lysløype. Løypene som er køyrde til hyttedøra er ein del av løypenettet her. Det er 3 km frå hyttene til Nordfjord Fritidssenter på ski. Les meir her.






Skyting

Ullsheim


Ullsheim ligg ca. 17 km frå hyttene. Dette anlegget tilbyr eit godt utbygd langrennsløypenett med opptil 40 km preparert trasee og 25 blinkar for skiskyting. Lett kupert terreng, fine sætrar og utsikt til fjell og fjord. 2 + 5 km av løypa har lys.





Stryn Skisenter


Stryn Skisenter ligg 4 kilometer frå Stryn sentrum. Her er det to heisar for alpint + to barneskitrekk. Løypenettet frå Ullsheim er i tilknyting til løypene ved Stryn Skisenter. Les meir her.






For fleire aktivitetar i Nordfjordregionen sjå:

Nordfjord sin offisielle reiseguide

 

Roset Panorama, 6795 Blaksæter, Epost: post@rosetpanorama.no, Tlf.: +4757875606, Mob.: +4797010851

Design: (dagenDin)