Roset PanoramaRoset Panorama
Utleigehytter i Fjordnorge

Norsk English Deutch

Norge

Dagsturar

Roset Panorama - Eit fantastisk utgangspunkt for dagsturar!



Med Roset Panorama som base kan du oppleve alt det beste av regionens natur og kultur. Nedanfor finn du nokre forslag til kortare og lengre utflukter frå hyttene:


Geiranger


I Geiranger finn du majestetiske, snødekte fjelltopper, vakre og ville fosser, grønn frodighet og Geirangerfjorden. Her kan du oppleve fjordsightseeing og Dalsnibba. Les meir her.






Båttur på Nordfjorden


Fisketur eller fjordtur med "Isabella". Avgang frå Olden marina. Turen varer i 2-3 timar. Fiskeutstyr inkludert. Les meir her.






Briksdalen


Den mektige Briksdalsbreen er ein del av Jostedalsbreen Nasjonalpark. Frå 1200 meters høgd stuper det ville brefallet heilt ned i den frodige, tronge Briksdalen - eit syn som kvart år trekkjer til seg 300 000 gjester frå heile verda. God mat og drikke, turarrangement og eit innhaldsrikt suvenirhus gir deg gode minner frå Briksdalen. Les meir her.







Gamle Strynefjellsvegen


Vegen er ein nasjonal turistveg (bygd i 1894), og slynger seg over fjellet mellom Stryn og Skjåk. Grusvegen var lenge det einaste sambandet mellom aust-vest. Langs vegen kan du lese om landskapet, geologien og naturen.
Les meir her.




Stryn Sommarskisenter


Høge fjell og nordisk klima gjer skikøyring mogleg nesten heile året. Stryn Sommerski er det mest kjende sommarskisenteret i Nord-Europa, med flotte forhold gjennom sommaren. Anlegget ligg ved den 100 år gamle nasjonale turistvegen, Gamle Strynefjellsvegen (riksveg 258). Les meir her.




Lodalen


Høge fjell og blå brear omkransar den smale dalen. I botnen glitrar det grøne Lovatnet. Lodalen er magisk og vill. Lodalen med Kjenndalsbreen har flott natur, og dalen si dramatiske historie gjer dalen spesiell. Les meir her.





Segestad


Garden Segestad ligg fint til i munningen av Glomsdalen, på ei fjellhylle med eit bratt stup på 300 meter ned til Oppstrynsvatnet. For å kome til Sigdestad, må du reise til Hjelle i Oppstryn. Derifrå går ein 3 km. lang gardsveg forbi Hjelle skule til garden Glomnes. Her byrjar stien opp til Sigdestad, det er vanleg å rekne med 1/2 - 1 time på turen. Les meir her.



Vestkapp


Vestkapp ligg 496 m.o.h, og er eit av dei mest spektakulære utsiktpunkta på kysten av Norge. Fjellklippa er nesten flat på toppen og stuper bratt ned i havet. På godversdagar har ein panoramautsikt i alle himmelretningar, til Sunnmørsalpane, Hornelen, Ålfotbreen og det frykta Stadhavet. Les meir her.




Kannesteinen

Kannesteinen


Gjennom tusenvis av år har havet slipt steinen, slik at den i dag har fått denne spesielle utsjånaden. Kannesteinen ligg i bygda Oppedal, ca 10 km vestover frå Måløy sentrum. Les meir her.








Skåla

Skåla


På 1848 meter over havet er ein på toppen av Skåla i Loen. I 1891 blei det bygd eit rundt tårn med 22 sengeplassar. I alle år har dette vore eit populært fjellmål, og mange har sprunge opp bakkane for å slå rekordane som går på folkemunne. Les meir her.







Nasjonalparksenteret


På Jostedalsbreen Nasjonalparksenter i Oppstryn kan ein gjennom film, video, dataprogram og modellar lære om isbreen og landskapet som er forma av vatn og is. På senteret kan ein også melde seg på guida naturstivandringar og breturar. Les meir her.





Tvinnefossen


Tvinnefossen ligg i Randabygda, 15 km lenger utover Nordfjorden langs Panoramavegen. Det vert sagt at dette er den einaste fossen i Nord- Europa der folk og dyr kan passére under sjølve fossefallet. Under fossefallet er det utsikt over Nordfjorden gjennom vassmassane. I gamle dagar frakta ein husdyr bak denne fossen, på veg ned til fjorden. Les meir her.



Nos


Utsiktspunktet Nos ligg nær hovudvegen og er lett tilgjengelig, 10 km lenger utover Nordfjorden langs Panoramavegen. Her finn du eit utsiktspunkt med fantastisk utsyn over Nordfjorden og bygdene Randabygda og Hopland. Utsiktspunktet på Nos ligg på kanten av eit 500 meter loddrett stup rett ned i fjorden. På vinterstid går det skiløyper frå Nordfjord Fritidssenter til Nosakleiva, som ligg litt høgare og med like fin utsikt. Les meir her.


Sunnmørsalpane

Sunnmørsalpane

Sunnmørsalpane ligg innan 50 min køyring frå hyttene. Her finn ein majestetiske og alpine fjell som til dømes Slogen, Skårasalen og Kolåstinden.







For meir info om Nordfjord og attraksjonar i Nordfjordregionen sjå:

Nordfjord sin offisielle reiseguide

.

 

Roset Panorama, 6795 Blaksæter, Epost: post@rosetpanorama.no, Tlf.: +4757875606, Mob.: +4797010851

Design: (dagenDin)