Dette er eigarane av garden og hyttene. Marianne er oppvaksen på garden og vi tok over denne i 2020. Marianne er utdanna lektor i realfag, men jobbar no fulltid på garden, der ho prøvar å lære kunsten å vere bonde og hytteutleigar av sin far. Hans-Erik jobbar i tillegg utanom garden som miljøarbeidar. Saman med våre tre barn, kan vi gi gode tips til familieaktivitetar og andre aktivitetar i nærområdet.
Dette er den eldste generasjon på garden og dei er framleis veldig aktive i drifta. Med mykje kunnskap og arbeidsvilje er dei svært viktige for dei nye drivarane på garden.
Roset panorama er ein del av gardsdrifta på garden Ekrehaugen i Stryn kommune. Garden har vore i familien i generasjonar og har i de siste årene utvida med hytteutleige i tillegg til mjølkeproduksjon. Her bur 3 generasjonar under same tak. Hyttene er laga gjennom fleire år, der mykje av materialet er kortreist frå eigen gard og arbeidet i stor grad er gjort av husets folk. Her bur vi.